mandag 8. mars 2010

Kva har du på hjartet?...

…det lyder bra gjer det ikkje? Det står no i statusfeltet på hovudsida i staden for ”What’s on your mind?”. Som ei oppfordring frå norsklæraren bytta eg Facebooken min til nynorsk. Sjølv om eg kjem til å bytte tilbake til engelsk synast eg det er morosamt å prøve å ha den på nynorsk. I dag lever vi i eit samfunn kor engelsk er overalt. Vi ser engelske programmer på fjernsynet og leser engelske nyheiter på internett. Til og med min personlege Facebook-profil er på engelsk. Vi blir jo dyktige til å lese og prate engelsk, men kanskje vi setter norsken og spesielt nynorsken litt i skygga? Eg må innrømme at eg likte å ha nynorsk i staden for engelsk. For det fyrste er det ei god måte å lære seg betre nynorsk på og for det andre var det mykje koseligare tykjar eg. Det er noe med nynorsk som gjer at det høyrast så koseleg og nærmast poetisk ut. Sjølv om eg skriver på bokmål, er det lurt å inkludere nynorsken meir i livet mitt for at eg lettare skal kunne skrive det. Men no må eg tilbake til Facebook fordi eg har fått noen hendingsinvitasjonar og noen har lagt ut eit bilete på nyhendestraumen.

1 kommentar: